Lokale miljøproblem

Korleis verker bedrifta inn på det lokale miljøet? Og korleis kan ein gå fram for å redusere miljøproblema og bli meir klimavenleg? Å tenke igjennom dette kan vere bra både for lokalsamfunnet og bedrifta.

Lokale utslepp

Utslepp frå bedrifter skjer ikkje berre gjennom energiforbruk og utslepp av t.d. eksos til luft. Vassdrag er ofte utsette for utslepp frå lokalt næringsliv. Bedrifta bør unngå forureinande utslepp av t.d. kjemikaliar og kloakk dersom det går an. Er det til dømes nødvendig for eit hotell å ha eit symjebasseng med høgt forbruk av vatn og kjemikaliar, eller kan eit alternativ vere ein flott badeplass i klart og reint sjøvatn eller innlandsvatn?

Les meir om vassureining på Miljøstatus i Norge.

Støy

Støy er ei miljøforureining som lett blir oversett i planlegging av auka næringsaktivitet. Fører den planlagde hotellutvidinga til fleire bussturistar og meir tomgangsstøy for naboane? Skal utvidinga av skitrekket bruke stillegåande teknologi slik at hytte- og hotellgjestane vil snakke positivt om staden til vener og kjende når dei kjem heim?

Friluftsturisme er spesielt utsett for støyplager, men også fastbuande kan oppleve auka støy som svært plagsamt.

Les meir om støyplager på Miljøstatus i Norge.

 
Mest lest på Klimakartet