Turisten ventar at tilsette ved eit reisemål kan og veit noko om staden dei besøker. På same måte er det viktig at ein er samstemt på ulike miljø- og klimaretta tiltak i bedrifta.
Dette gjeld til dømes å spare straum, kaste søppel i den rette sekken, eller at innkjøpsansvarleg alltid legg vekt på miljøprinsipp ved innkjøp av t.d. oppvaskmiddel.
Sjå under for tips om heilskapleg tankegang om miljøkompetanse i bedrifta.
Miljøpolicy
For å få til ein heilskapleg tankegang rundt innkjøp, kan det vere greitt å vedta ein innkjøpspolicy for bedrifta, eller lage ei sjekkliste for drift basert på miljøprinsipp. Ein måte å gjere dette på er å bli miljøfyrtårnsertifisert.
Ein miljøpolicy kan auke medvitet blant dei tilsette, og vil truleg lette rapporteringa i årsmeldinga. Leiinga i bedrifta kan kontakte ein miljøkonsulent for miljøfyrtårn eller Grønn Hverdag som kan kome for å snakke om og hjelpe til med å kartlegge moglege miljøtiltak.
Kursing av tilsette
Medvit i forhold til det ein arbeider med skapar ansvar, samhald og yrkesstoltheit. Kompetanseheving på område som miljø og klima, men òg lokalkunnskap og -historie kan derfor vere ei god investering
Lokalkunnskap
Å gje dei tilsette meir kunnskap om nærområdet og lokale spesialitetar er eit godt klimatiltak fordi ein kan påverke gjestene til å velje utflukter og aktivitetar som ikkje krev mykje køyring.
I tillegg vil betre kjennskap til området heve kvaliteten på tilbodet. Ein enkel måte å få opp lokalkunnskapen på, er å prøve personalet i en kunnskapsquiz. Ein kan òg kurse dei tilsette i å rettleie kundar og svare på spørsmål.