Tilpassing til klimapolitikk

Styresmaktene er i gang med å vurdere strengare klimapolitiske rammer. Reiselivsnæringa har sjølv ytra ønskje om lover og reguleringar på dette området.

Dersom eit planlagt utbyggingsprosjekt baserer seg på å transportere turistar på ein måte som krev høge utslepp av klimagassar, vil dette prosjektet vere meir sårbart for framtidig klimapolitikk enn eit prosjekt som inneber låge transportutslepp.

Det mest generelle rådet er å syte for at det aktuelle reiselivsanlegget er tilgjengeleg for tilreisande med kollektivtransport, og samtidig stille spørsmål om kor avhengig tilreisande vil vere av transportformer som inneber store utslepp, altså særleg flyturisme. Her finn du framtidsscenario om klimaendringar

Ver merksam på at det er knytt ein del uvisse til akkurat korleis klimaet vil endre seg. Dette er mellom anna knytt til uvisse i modellane, og at vi ikkje kan vite kor store mengder klimagassar vi kjem til å sleppe ut i åra som kjem.

 
Mest lest på Klimakartet