Sårbarheit for klimaendringar

Når det gjeld klima, er det viktig å spørje seg kor robust eller sårbart eit planlagt byggeprosjekt  kan vere overfor klimaendringar.

For å gje nokre døme: Veit du om hyttefeltet ligg i eit område der det er fare for skred? Er det venta framtidige endringar i snømengd, snødjupn eller snøtilstand i området der eit planlagt skitrekk skal plasserast?

Nettsida http://senorge.no/ inneheld kart med prognosar for klimaendingar. Ved å zoome inn på karta, får ein innblikk i kva framtidig klima kan få å seie for til dømes nedbørsmengd og snødjupn. Karta går heilt ned på kommunenivå. Før ein går i gang med å investere, kan det vere verdt å studere slike framtidsprognosar og tenke gjennom kva for utfordringar klimaendringane kan føre til.

Det er likevel viktig å merke seg at det er knytt ein del uvisse til akkurat korleis klimaet vil kome til å utvikle seg. Ingen kan garantere at framtidas klima blir akkurat på den eine eller den andre måten. Dette kjem mellom anna av at modellane klimaforskarane brukar, ikkje kan gje sikre svar på kor store endringar vi får og korleis ulike typar faktorar verkar saman med kvarandre når dei endrar seg. Dessutan kan vi ikkje vite akkurat kor store utsleppa av klimagassar blir i åra som kjem.

Sjekk òg med den aktuelle kommunen kor det kan vere fare for skred og liknande. Kommunen skal ha oversikt over risiko og sårbarheit.

 
Mest lest på Klimakartet