Ein del hotell oppmodar i dag overnattingsgjestene sine til miljømedviten åtferd, til dømes å bruke handduken meir enn ein dag. Ein kan òg oppmode gjestene om å unngå sløsing med vatn eller elektrisk straum.
Eit anna mogeleg klima- og miljøtiltak kan vere å velje eit miljømerka vaskeri, dersom det finst slike i nærleiken. Særleg Svanemerket har strenge krav for vaskeri, og ved å velje slike vaskeri kan ein vere sikker på at tenestene ein kjøper er så klima- og miljøvenlege som mogleg.
Det finst også ei lang rekke svanemerka reingjeringsprodukt, som ein kan nytte dersom ein vil ha meir miljøvenleg reingjering.