Studiar viser at avfall er eitt av elementa turistar oftast tenkjer på når det er snakk om miljø i friluftssamanheng. Men avfall frå reiselivnæringa inneber meir enn emballasje som ligg att i fjellet.
Mange av tiltaka knytte til avfallshandtering er enkle. Mykje av dette kan ein få hjelp til ved å bli miljøfyrtårnsertifisert, noko du kan lese meir om under sertifisering.
To typar tiltak kan uansett setjast i verk på heimebana til bedriftene, avfallsreduksjon og kjeldesortering:
Avfallsreduksjon
I ei forlenging av punktet om restemat ovanfor, er det også naturleg å kome inn på avfallsreduksjon i generell forstand. Brukar verksemda t.d. eingongsprodukt der dei kunne ha valt gjenbruksprodukt? Kan marknadsføringsmateriell gjenbrukast frå år til år, eller kan meir av marknadsføringa gjerast elektronisk? I mange tilfelle fører slike tiltak både til utgiftskutt og til vinst for miljøet.
Kjeldesortering
Kjeldesortering er svært utbreidd, i alle fall bak skranken eller kontordørene, i areala som er berre for dei tilsette i reiselivsbedriftene. Mykje av avfallet kjem likevel frå turistane. Det kan difor vere nyttig å leggje til rette for kjeldesortering på gjesterom, i restaurantar og på utflukter og turar.