Reiseliv

Reiselivet driv verdiskaping i Noreg, men samstundes står næringa for nær 15 prosent av dei samla klimagassutsleppa. Her får du som reiselivsaktør tips om tiltak som kan bidra til reduserte utslepp, til beste for miljø og klima

Så langt har reiselivsnæringa vore spart for reguleringar knytte til klima. Likevel bør også reiselivsnæringa ta sikte på tiltak som fører til mindre utslepp, i tråd med overordna nasjonale mål. Ei slik tilnærming er også framsynt, ettersom mykje tydar på at reiselivet kjem til å bli underlagt miljøreguleringar.

I denne delen av klimaguiden finn du tips som kan bidra til at den negative klima- og miljøpåverknaden frå di reiselivsbedrift blir mindre. Sidan delar av reiselivet i dag har marginal drift, legg vi størst vekt på vinn-vinn-tilnærmingar der både økonomi og klima kjem godt ut.

 
Mest lest på Klimakartet