I 2009 kom ei stortingsmelding om landbruk og klima. ”Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen” peikar på utfordringar og aktuelle tiltak i landbruket.
Regjeringa legg opp til tiltak for å redusere utslipp frå landbruket, og skogtiltak som planting og auka bruk av trevirke og biobrensle.
Meldinga viser at jordbruket kan redusere klimagassutsleppa med 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Eit viktig tiltak for å redusere klimagassutslepp frå landbruket er produksjon av biogass. Andre tiltak er utfasing av fossil fyringsolje til oppvarming innan 2020, betre fôring i produksjon av mjølk og storfekjøt for å redusere utslepp frå dyra, meir effektivt sauehald, reduksjon i talet på reinsdyr, meir effektiv gjødsling, og tiltak for å halde på karbonlageret i jorda eller auke opptaket av karbon i jorda.
Utsleppsrekneskapen for norsk landbruk tek med punkta over, men ikkje utslepp frå drivstoff og oppvarming. Heller ikkje utslepp frå produksjon av kunstgjødsel, maskiner og utstyr er med. Det same gjeld transport av innsatsvarer inn til gardsbruket eller landbruksprodukt til vidareforedling og sluttforbruk. Slike utslepp vert rekna til ”industri” eller ”transport” i rekneskapen.