Økologisk produksjon er som regel noko lågare enn vanleg jordbruksproduksjon, mellom anna fordi avlinga er noko dårlegare. Samtidig får ein betre betalt for økologiske produkt enn vanlege landbruksprodukt, og tilskota er noko høgare.
Det er uråd å seie noko generelt om økonomien i økologisk produksjon samanlikna med vanleg produksjon, fordi dette vil avhenge av mange faktorar.
I mange tilfelle kan økologisk produksjon gje gardbrukaren eit betre dekningsbidrag enn ved konvensjonelt jordbruk. Sjølv med ein avlingsnedgang på førti prosent kan økologisk kornproduksjon til dømes gje vel 300 kroner meir i dekningsbidrag enn konvensjonelt korn.