Økologisk drift

Økologisk landbruk er eit politisk satsingsområde.  Innan 2020 ønskjer regjeringa at 15 prosent av maten som blir dyrka og omsett i Noreg skal vere økologisk

I dag blir om lag 4 % av jordbruksarealet drive økologisk i Noreg.

Økologisk jordbruk er kjenneteikna ved at produksjonen er fri for kunstgjødsel og kjemiske plantevernmiddel. Mange føretrekkjer økologiske varer ut frå omsynet til miljø og eiga helse.

Enkelte argumenter òg med at økologisk jordbruk er meir ”klimavenleg” enn konvensjonelt jordbruk. Dette er mellom anna fordi produksjonen i større grad enn elles er basert på lokale ressursar som ikkje må transporterast langt, at ein unngår nitrogenhaldig kunstgjødsel, som det krev mykje energi å produsere. I tillegg bidreg dei økologiske metodane i større grad enn konvensjonelt jordbruk til å byggje opp eit karbonlager i jorda.

Det er likevel usikkert om og i kva grad økologisk produksjon er meir klimavenleg enn konvensjonell produksjon.

Sjå til dømes ein rapport frå Vestlandsforsking om dette. Les òg kva Bioforsk skriv om økologisk landbruk og klima.

 
Mest lest på Klimakartet