Metan og lystgass

Gjennom rutinar for behandling av jord og gjødsel, kan ein bonde bidra til å redusere utsleppa, særleg frå dei kraftige klimagassane metan og lystgass

CO2 er den viktigaste klimagassen fordi vi slepp ut så mykje av han. Det er kanskje ikkje fullt så kjent at lystgass og metan òg bidreg til klimagassutslipp sjølv om utsleppa av desse gassane er mindre. Metan og lystgass er mykje sterkare klimagassar enn CO2, og landbruket står for mykje av menneska sine utslepp av slike gassar.

Det er fleire tiltak gardbrukarar kan gjennomføre for å redusere utsleppa av desse klimagassane. Dette foredraget frå Vestlandsforsking inneheld ei kortfatta oversikt over tiltak som kan avgrense utsleppa av lystgass og metan.

Også Norsk Landbruksrådgjeving har oppsummert korleis ein kan redusere lystgassutsleppa frå landbruket. Denne artikkelen er henta frå nettsida til Norsk Landbruksrådgjeving, som gir mange tips knytt til dagleg gardsdrift.

 
Mest lest på Klimakartet