Den nye plan- og bygningslova stiller strengare krav om å søkje løyve til bygging av driftsbygningar.
Før 1. juli 2010
Fram til denne datoen har det ikkje vore søknadsplikt etter plan- og bygningslova for bygging av landbruksbygg, berre meldeplikt. Ein temarettleiar for plan- og byggesaksreglane som gjaldt for driftsbygningar i landbruket fram til 1. juli 2010 finn du ein avgrensa periode hjå Statens byggtekniske etat.
Etter 1. juli 2010
Byggesaksdelen i den nye plan- og bygningslova trådte i kraft 1. juli 2010. Etter den nye lova krev driftsbygningar i landbruket søknad og løyve, og miljø- og energikrava i bygg blei skjerpa inn. Du kan lese meir om ny plan- og bygningslov på Kommunal- og regionaldepartementet si temaside.