Naturleg ventilasjon

Ved nybygging og ombygging av husdyrrom til drøvtyggarar er det no meir og meir vanleg med uisolerte fjøs. Dette har fleire fordelar

Uisolerte fjøs har naturleg ventilasjon, og slike bygg er rimeligare fordi vi slepp isolasjons- og ventilasjonskostnader. I tillegg vert det mindre energikrevjande fordi ein slepp å bruke tilført energi til ventilasjonssystemet. Dessutan er det som regel lysare og luftigare enn i isolerte fjøs. I motsetnad til ved mekanisk ventilasjon er det ikkje vifter som driv lufta gjennom bygningen, men oppdriftskrefter og vind. Fordi slike fjøs krev mindre energi, blir dei òg meir klimavennlege enn isolerte fjøs med vifter.

Uisolerte husdyrrom må ha opning under mønet slik at den varme lufta slepp ut, og veggane må ha sprekkpanel, vindbremsduk eller perforerte plater slik at ny, kald luft slepp inn. Sidan eit slikt fjøs vil bli kaldare enn eit isolert fjøs, er det viktig at dyra har en tørr og trekkfri liggeplass, og at ein unngår trekk ved at dei nedste 1,5 til 2 metrane av veggen er tett.

Du finn ein grundigare omtale her.

 
Mest lest på Klimakartet