Låvetørking av høy kan gjerast mindre energikrevjande ved å plassere luftinntak i solveggen, eller ved å bruke eit solfangartak.
Høytørking på bakken eller hesjing er dei tradisjonelle metodane for å tørke høy med bruk av solenergi. Fordi hesjing er arbeidskrevjande og vellukka bakketørking svært vêravhengig, er det i dag vanlegare å tørke høyet på låven, etter at det først er fortørka på bakken. Låvetørking av høy med elektriske vifter er energikrevjande, men energibruken blir mindre viss ein plasserer luftinntaket i beste solveggen.
Energibruken kan reduserast endå meir med bruk av solfangartak som fangar og utnyttar solvarme til innandørs høytørking (sjå boks til høgre).
Desse opplysningane er henta frå ei lærebok for naturbruk der det står meir om solfangartak, utforming av bygningar og teknisk utstyr i bygningar.