Den viktigaste råvara for biobrensle til varmeproduksjon i Noreg i dag er avfall frå skog- og sagbruk. Halm frå jordbruket er også ei aktuell råvare. I framtida kan dyrking av energivekstar som eigna grasartar og rasktveksande tre som pil og selje bli aktuelt
Råstoffet kan nyttast til varmeproduksjon anten lokalt eller i fjernvarmeanlegg. Dei kommersielle produkta frå skogen er ved, bark, skogsflis (stammeflis, grønflis), flis frå brukt trevirke , brikettar og pellets.
Foredling av råvarene til brikettar og pellets er kostnads- og energikrevjande, men gjer brenselet betre egna for automatiserte anlegg, og gir ei meir homogen og standardisert vare.
Skogbrukets kursinstitutt har laga ein rettleiar for gardsvarmeanlegg som tek for seg mange sider ved det å planlegge bygging.