Gardbrukarar kan anten produsere og levere flis til fjernvarmeanlegg eigd av andre, eller dei kan gå samen om å bygge og drive fjernvarmeanlegg basert på råstoff frå skogen.
I dei typiske skogfylka i landet, som Hedmark, Oppland, Buskerud og Nord-Trøndelag, har bioenergi alt utvikla seg til ei næring. Offentleg investeringsstønad kombinert med satsingsvillige aktørar har gjort det mulig å satse stort på fjernvarmeanlegg og lokale varmesentralar.
Enova har hatt ei sterk satsing på fjernvarme og bioenergi i 2009, og reknar med å bruke om lag 800 millionar kroner i stønad til ulike varmeanlegg i 2010. Dei har likevel åtvara mot varierande og høge prisar på råstoff, og viser til ein artikkel fra Universitetet for miljø- og biovitenskap om dette.