Produksjon av biogass frå husdyrmøk kan vere det tiltaket innan jordbruket som har størst potensial for å redusere klimagassutslepp.
Å produsere biogass gir dobbel klimaeffekt: utsleppa av metan og lystgass frå lagring av husdyrgjødsla blir reduserte, og samtidig produserer ein ”klimanøytral” energi. Det er òg positivt at plantenæringsemna ikkje går tapt i prosessen. Biogass kan produserast av kloakkslam, matavfall, halm og anna organisk materiale.
Møk frå éi ku kan gje biogass tilsvarande ei energimengd på om lag 2100 kWh i året. Det vanlegaste bruksområdet for biogass er varmeproduksjon, men gassen kan også nyttast til å produsere elektrisitet eller drivstoff.
Røynslene med biogassproduksjon til no i Noreg er i hovudsak knytte til avfallsdeponi. Omtrent 25 slike anlegg er i drift. Østlandsforsking gjennomførte i 2008 eit potensialstudie for biogass i Noreg, på oppdrag frå Enova.
Biogassanlegg i landbruket kan byggjast som gardsanlegg eller som større sentrale anlegg som tek imot husdyrmøk og organisk avfall frå fleire gardsbruk. Så langt finst det berre eitt biogassanlegg basert på husdyrmøk i Noreg. Anlegget har vore i drift sidan tidleg på 90-talet og ligg i Ørland i Sør-Trøndelag. Bonden og ingeniøren Svein Lilleengen som eig dette anlegget gav ut ei instruktiv bok om biogass i 2009.