Det er biodrivstoff frå trevirke og avfall frå skogindustrien det er mest aktuelt å produsere i Noreg.
Fordelen er at ein her kan bruke restprodukt og avfall frå skogindustrien som ein ressurs, og at denne typen biodrivstoffproduksjon ikkje direkte konkurrerer med produksjon av mat.
I prinsippet er det likevel betre å bruke fast biobrensle til å produsere varme til erstatning for oljefyring eller straum enn til å lage drivstoff for transport. Omdanning av fast brensle til drivstoff er energikrevjande og gir difor dårlegare energiutnytting og klimaeffekt.
Vil du lese meir om bruk av biodrivstoff i køyretøy, sjå avsnittet om bil under Klima i bedrifta. Lenkje