Produksjon av biodrivstoff kan vere kommersielt interessant for landbruksnæringa i Noreg, også etter at avgiftsfritaket for biodiesel blei tatt vekk.
Som ein del av klimapolitikken har regjeringa pålagt oljeselskapa å omsetje minst 2,5 volumprosent biodiesel, og frå 1. juli 2010 auka dette til 5 volumprosent. Dette skapar ein viss etterspurnad etter biodrivstoff, også etter opphevinga av avgiftsfritak for biodiesel. Det er likevel vanskeleg å vite korleis dette vil utvikle seg. Etter at forsking ved Vestlandsforsking har kome fram til at biodiesel kan vise seg å vere helseskadeleg, drøfter styresmaktene korleis dei kan få meir kunnskap om dette. Resultatet kan påverke salet av biodiesel.
Produksjon av biodrivstoff basert på jordbruksprodukt er kontroversielt fordi produksjonen kan gå ut over naudsynt produksjon av mat i verda.
Det er òg eit viktig poeng at den positive klimaeffekten er avgrensa. Det går mykje drivstoff med til å dyrke råstoffet, produsere gjødsel og liknande. Når det gjeld produksjon av etanol frå mais i USA, har fleire vitskaplege arbeid konkludert med negativt energiutbytte, det vil seie at ein faktisk brukar meir energi enn ein får av å dyrke biodrivstoff. Dermed er klimaeffekten òg negativ.
Det er mogleg å produsere biodrivstoff basert på norske jordbruksprodukt, då helst frå skogindustrien. Du kan lese meir om produksjon av biodrivstoff ved å klikke på lenkjene under: