Landbruk

Her kan du lese om investeringar i klimatiltak innanfor jord- og skogbruk. Du finn òg ein del stoff om valet mellom økologisk og konvensjonell drift.

Sjølv om landbruket har ein naturleg plass i den norske næringsstrukturen, viser tal regjeringa har lagt fram at næringa står for om lag ni prosent av dei samla norske utsleppa. Då reknar ein ikkje med utslepp frå drivstoff og oppvarming, frå produksjon av kunstgjødsle, maskinar og utstyr, eller frå transport av varer til gardsbruket og til vidareforedling og sluttbruk. Samstundes bind norske skogar opp CO2, men dette er heller ikkje med i rekneskapen.

Tala vitnar om at gode klimatiltak i landbruket monnar og kan vise att i dei totale utslippstala, også i nasjonal samanheng.

Gardbrukarar ser etter tiltak som kan føre til reduserte utgifter eller nye inntekter. Det kan finnast slike tiltak som også er bra i høve til klima. Energieffektivitet i driftsbygningar er til dømes bra i klimasamanheng, og kan i tillegg bidra til at utgiftene går ned. Nye investeringar, t.d. i produksjon av biobrensle eller biogass, kan òg kome til å gje nye inntekter.

 
Mest lest på Klimakartet