For tyngre køyretøy er det førebels diesel som er det dominerande drivstoffet. Kva kan eigarar og kjøparar av tyngre køyretøy gjere av klimatiltak?
For tyngre køyretøy finst det færre valmoglegheiter enn det gjer for personbilar. Eigarar av tyngre bilar vil tene på å velje bilar med minst mogleg utslepp (EURO 5 eller betre etter kvart som det kjem). Biodiesel og gass er òg moglege alternativ, men når det gjeld biodiesel er det ein debatt om kor miljøvennleg dette er.
For tyngre køyretøy er det òg mykje å spare på god logistikk, ruteplanlegging, vedlikehald og energisparande køyrestil. Les meir om dette under transportsektoren.
Les meir om alternative drivstoff:
Gå til: Transportsektoren: Val av drivstoff
eller: Klima i bedrifta: Val av drivstoff