Elektriske bilar (Elbil)

Hovudproblemet for elbilane er batteria. Førebels finst det ikkje batteri som gir nok energi til at ein elbil kan køyre like langt som vi er vane med. Difor passar elbil best for dei som ikkje køyrer så langt om gongen.

Batteria har for det andre ei miljømessig ulempe: Dei inneheld mykje miljøgifter, og dette blir eit problem når ein skal kvitte seg med batteriet. Alle typar bilar, uansett kva ein slepp ut av gassar når ein køyrer dei, er energikrevjande å produsere og fører med seg problem med giftig avfall.

For dei som skal kjøpe bil og ikkje køyrer så langt om gongen, er elbil likevel eit godt alternativ. Under bruk har dei eit par økonomiske fordelar: Det er billeg å ”fylle tanken”, og el-bilar er unnateke årsavgift, eingongsavgift og moms, køyrer gratis gjennom bomringar, reiser gratis med ferjer, parkerer gratis på offentlege parkeringsplassar og kan køyre i kollektivfelt.

Nettsida www.ladestasjoner.no gir oversikt over kor ein kan lade elbilar i Noreg. Det statlege prosjektet Transnova har som hovudoppgåve å gje støtte til oppretting av ladestasjonar.

 
Mest lest på Klimakartet