Biodiesel

Biodiesel blir laga av plantemateriale. Det blir ofte rekna som eit godt klimatiltak å gå over frå vanleg diesel til biodiesel, og all diesel er no innblanda litt biodiesel. Det er likevel omdiskutert kor bra biodiesel er for miljø og klima, fordi det reiser mange kompliserte spørsmål.

Biodiesel blir av mange rekna som klimavennleg fordi ein då brenn plantemateriale som er ein del av den syklusen av gassar som alt finst på jordoverflata og i atmosfæra. Dette er annleis enn fossile brensle, som vi tek opp frå lager i bakken og slepp ut i lufta. Difor tilfører ein ikkje ekstra klimagassar til krinsløpet ved å brenne biodiesel. Dette er teke inn i miljøpolitikken, men det er omdiskutert om det stemmer mellom anna fordi hogging av skog også fører til utslepp av klimagassar som har vore lagra i trea og i bakken.

Det er eit problem i dag at mykje biodiesel blir produsert på jordbruksland som kunne vore brukt til å dyrke mat. I tillegg er det energikrevjande å produsere biodiesel, og dieselen kan ha blitt transportert over lange avstandar. For biodieselkjøparar kan ein i dag ikkje vite heilt kor biodieselen kjem frå. Det er no mykje fokus på såkalla andre-, tredje- og fjerdegenerasjons biodiesel som blir produsert av materiale som ikkje konkurrerer med matproduksjon. Biodiesel kan produserast frå til dømes brukt matolje og brukast lokalt, noko som er meir berekraftig. Slike tiltak blir testa ut nokre stader i landet.

Hausten 2010 fekk forskarar frå Vestlandsforsking mykje merksemd fordi dei har funne ut at biodiesel kan vise seg å vere meir helseskadeleg enn fossil bensin og diesel. Dette er fordi brenning av biodiesel skapar fleire ørsmå partiklar i lufta (nanopartiklar), som er kjent for å vere kreftframkallelege. Slike små partiklar trengjer òg lettare inn i kroppen. Problemet ser ut til å vere særleg stort når biodiesel blir blanda med vanleg diesel slik det blir i dag. Miljøstyresmaktene har lova å sjå nærare på dette og vurdere kva dei skal gjere med det, men grunna internasjonale avtaler ville dei ikkje umiddelbart stoppe innblandinga av biodiesel.

 
Mest lest på Klimakartet