Å køyre bilar som går på fossile brensle vil aldri vere heilt berekraftig, anten vi tenkjer klima og miljø eller berre på ressursbruk. Så langt er likevel bensin- eller dieselbilar det lettast tilgjengelege.
Er det best å velje bensin eller diesel? Det er litt komplisert å svare på dette, men i alle fall i høve til klimagassutslepp vil dieselbilar vere best. Hovudårsaka er at dieselmotorar er meir energieffektive enn bensinmotorar, slik at forbruket av drivstoff er lågare. Dessutan krev det mindre energi å produsere diesel enn å produsere bensin.
Ei ulempe med dieselmotorar er at dei slepp ut meir nitrogenoksid og partiklar enn bensinmotorar, slik at dieselmotoren fører til meir lokal luftforureining. Nitrogenoksid fører med seg helseproblem og har òg ei viss verknad på klimaet. Lokal luftforureining er først og fremst eit problem i dei større byane. I dag har mange dieselbilar også partikkelfilter slik at partikkelutsleppa blir reduserte.
Mange har framheva at dieselbilar har ein fordel fordi dei òg kan gå på biodiesel. Dette kan ha nokre klimafordeler. Ny forsking frå Vestlandsforsking viser likevel at biodiesel, særleg blanda med vanleg diesel, kan vise seg å skape partiklar i lufta som er kreftfremkallande og farlegare enn partiklar frå fossile drivstoff. Miljøstyresmaktene har lova å vurdere kva dei skal gjere med dette.
Gå til: Transportsektoren: Val av drivstoff
Gå til: Klima i bedrifta: Val av drivstoff