Politikk og reguleringar

Regjeringa vil at bilar skal gå over til alternative drivstoff. Virkemidla i dag er støtte til forsking, og rabatt på alternative drivstoff.

Det er ikkje drivstoffavgift på alternative drivstoff, med unnatak av biodiesel. Regjeringa uttalar at dei særleg vil satse på elbilar, og har mellom anna oppretta prosjektet Transnova, som gir støtte til ladestasjonar. Elbilar er fritekne frå eingongsavgift, årsavgift, meirverdiavgift, bomavgift og parkeringsavgift på kommunale parkeringsplassar. Elbilar kan òg køyre i kollektivfelt og køyrer gratis på ferjer.

Auka bruk av CO2-avgift er sannsynleg i framtida for å avgrense vekst i biltrafikken. På same tid ønskjer regjeringa å avgrense privatbilismen ved å styrke kollektivtilbodet, særleg i dei større byane.

Les meir om transportpolitikk og miljø på Regjeringa sine sider om transport og miljø. Samferdsledepartementet har òg annonsert ei satsing på kollektivtrafikk i distrikta.

Det finst òg ein nettressurs frå det europeiske miljøbyrået, som Noreg er medlem av, og som skal bidra med miljøforbetringar mellom anna gjennom informasjon.

 
Mest lest på Klimakartet