Mange bedrifter og offentlege instansar eig ikkje bilane sjølve, men leasar dei og kan stille miljøkrav i anbodsrunden.
Eitt krav kan vere å setje eit tak på utslepp frå bilane, eller at leasingselskapet skal tilby dei bilane som slepp ut minst i sin klasse.
Eit anna krav er at leasingselskapet skal levere opplysningar om drivstofforbruket til kvar bil i leasingperioden. Slik kan bedrifta følgje med på forbruket og prøve ut tiltak for å redusere forbruket, til dømes lære opp dei tilsette i drivstofføkonomisk køyring. Slike oversiktar er relativt lette for leasingselskap å kome med, til dømes får fleire større kommunar og offentlege etatar slik informasjon frå sine leasingselskap.