Skal ein bruke bil på ein minst mogleg miljøbelastande måte, er det aller viktigaste kva for bil og utstyr ein kjøper. Uansett kva for type drivstoff ein vel, er det viktig å sjå etter bilar som krev minst mogleg energi
Kor mykje klimagassar ein bil slipp ut, er generelt avhengig av kor mykje drivstoff bilen brukar. Jo meir drivstoff ein brukar, jo meir utslipp blir det.
Ved å velje ein bil som brukar lite energi, sparar du drivstoff, utslipp og drivstoffutgifter. For elbil blir prinsippet litt annleis, men energieffektivitet er eit viktig miljøaspekt også her (sjå val av drivstoff).
Når bedrifta kjøper bil, er det lurt å hugse at det ikkje berre er innkjøpsprisen som avgjer kva de betalar for bilen. Kor mykje drivstoff bilen brukar er òg avgjerande. Lag eit reknestykke som inkluderer både innkjøpspris og kor mykje drivstoff de forventar å bruke så lenge de eig bilen. Energieffektive bilar kan då gjerne kome godt ut, sjølv viss dei er dyrare i innkjøp.
Hugs òg at drivstoff kan bli dyrare i åra som kjem Dette kan du lese meir om under Politikk og reguleringar. Lenkje til s.41