Val av bil

Denne delen er for bedrifter som brukar bilar i den daglege drifta si. Transportfirma kan finne eigne tips på menyen over

Bedrifter og enkeltpersonar sine val blant anna om ein skal kjøpe bil og kva type som er best, har mykje å seie i høve til klima og andre utslepp. Bilkøyringa vår, både privat og i jobb, står nemleg for ein betydeleg del av utsleppa våre: I 2007 kom 19 prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg frå vegtrafikken.

Har ein først bestemt seg for å kjøpe bil, betyr valet av bil mykje. Det gjeld å finne den bilen som dekkjer det ein treng bilen til, men som samstundes er mest mogleg effektiv i høve til energibruk og utslipp.

På desse sidene får du råd om val av bil. Då er det to hovudtema som er viktige å ta stilling til: Energieffektivitet og val av drivstoff.

 
Mest lest på Klimakartet