Miljøsertifisering kan hjelpe bedrifter til å bli meir klima- og miljøvenlege. Det kan òg vere eit viktig konkurransefortrinn.
Miljøsertifisering kan gjelde anten enkeltprodukt/tenester eller heile bedrifta. Til dømes kan eit hotell både gå inn for å Debio-sertifisere ein utvald matrett, eller heile hotellet.
For mange bedrifter er sertifisering heilt nødvendig for å kunne tilfredsstille miljømedvitne kundar eller selskap. Fleire store bedrifter krev no at hotella og reisebyråa dei bestiller frå er miljøsertifiserte.
Sertifisering av ei bedrift inneber at ein går gjennom energibruk, innkjøp, avfall og transport og bestemmer seg for tiltak som får ned miljø- og klimabelastninga. Slike endringar i drifta fører ofte til at bedrifta sparar pengar.