Dei bygga som allereie er bygde, vil i mange år framover utgjere fleirtalet av den totale bygningsmassen. Dei aller fleste byggeigarar kan spare mykje energi ved å utbetre bygget.
Mesteparten av energien vi brukar i bygg, går til oppvarming. Det viktigaste ein kan gjere for å redusere energiforbruket, er difor å redusere oppvarmingsbehovet. Dette er bra for klimaet, og i mange tilfelle bra for lommeboka på litt sikt.
Du kan redusere oppvarmingsbehovet mellom anna ved å etterisolere og skifte vindauge og dører. Her er det mykje å spare, sjølv for heilt nye næringsbygg, som ofte er lite energieffektive.
Energien ein brukar kan òg brukast meir effektivt, mellom anna viss ein installerer eit ventilasjonsanlegg som utnytter varmen godt.