Det kan verke litt uoversiktleg kva for stønadsordningar som finst for energieffektive løysingar i bygg. Enova og Husbanken er dei to viktigaste instansane som gir slik støtte.
Enova har fleire stønadsordningar for energieffektivitet i bygg for næringslivet. Ei oversikt over desse finn du på Enova sitt senter for søknad og rapportering.
Husbanken gir stønad for forbildeprosjekt for energieffektive bygg.
Kva for stønadsordningar som finst, og kor mykje pengar det ligg i ordningane, varierer over tid. Det beste rådet er å sjekke fortløpande hos Husbanken og Enova.