Regjeringa uttaler at bygg skal bli meir miljøvennlege. Dei signaliserer at krava til energieffektivitet vil auke, og at det i aukande grad vil lønne seg å byggje energiøkonomisk.
Energimerkeordninga frå 1. juli 2010 gjer det obligatorisk å merke alle bygg ved kjøp og sal. Alle større bygg skal energimerkast jamleg. Målet er å gjere det meir attraktivt å gjere bygg energieffektive.
Regjeringa har utarbeidd ein miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren for 2009 – 2012. Her står det at dei vil stramme inn teknisk forskrift, som stiller krav til korleis hus skal byggjast.
I tillegg vil regjeringa leggje til rette for utbetring av eksisterande bygg.