Sjølv om god isolasjon kanskje er det viktigaste klimatiltaket i bygg, er det òg mykje å hente ved val av oppvarmingsløysingar. Det sparer ikkje berre klima og oppvarmingsutgifter, men det vil etter alt å døme òg heve verdien til bygget.
Nordmenn er storforbrukarar av straum. Ein stor del av elektrisiteten vi brukar i bygg går til oppvarming. Alt tyder på at det i åra som kjem vil bli større krav til energieffektivitet i bygg, og til at ein mindre del av oppvarminga skal skje ved hjelp av elektrisk straum.
For forbrukarane tyder det at det i aukande grad vil kunne løne seg å redusere straumforbruket til oppvarming, og sjå etter andre varmekjelder. Les meir om dette under politikk og reguleringar på menyen.
Oljefyr er ei dyr og svært lite miljø- og klimavennleg form for oppvarming, og politisk er målet at vi skal slutte å varme opp hus med olje. Dette er altså ikkje ei god oppvarmingsløysing å satse på for nye bygg. For bygg som alt har oljefyr, bør ein vurdere å skifte oppvarmingssystem.
Her er nokre klimavennlege oppvarmingsløysingar som kan redusere straumforbruket:
Visste du at…
…å betre energieffektiviteten i eit bygg kan auke verdien på bygget? Frå 1. juli 2010 vart det obligatorisk å energimerke bygg ved sal eller utleige. Målet er at energieffektive bygg skal bli meir ettertrakta. Merkinga premierer først og fremst bygg som treng lite oppvarming, men miljøvennlege oppvarmingsløysingar gir òg betre karakter.
Les meir på www.energimerking.no.