Nytt bygg

Det er når bygga blir bygde at ein lettast kan skape heilskaplege løysingar for lågt energiforbruk. Det viktigaste er å hugse at den billegaste og mest miljøvennlege energien er den energien vi aldri nyttar.

Oppvarming er den viktigaste kjelda til energibruk i bygg. Det mest effektive tiltaket ein kan gjere for å halde nede energiforbruket, er å byggje slik at ein treng minst mogleg oppvarming. Eit godt isolert bygg reduserer varmetapet, og dermed behovet for oppvarming. Deretter kan ein sjå på tekniske oppvarmingsløysingar, der det òg er mykje å spare.

Det å byggje for å trenge lite oppvarming er framtidsretta på den måten at det er eit energisparande tiltak som varer heile levetida til bygget. Dei siste åra har energibruken i bygg vakse, særleg i bygg bygde etter 1997. Denne trenden er det mogleg å snu, og det er sannsynleg at energieffektivitet blir endå viktigare for lommeboka i framtida. Dette kan du òg lese meir om under politikk og reguleringar på menyen.

Les meir: Lågenergibygg, passivhus og plusshus

 
Mest lest på Klimakartet