I Noreg står energiforbruket i bygg for 40 prosent av det totale energiforbruket, og næringsbygg står for ein god del av dette. Å redusere energiforbruket i bygg er derfor eit klimatiltak som monnar, og det reduserer straumrekninga.
Ein stor del av energiforbruket i bygg kjem frå elektrisk straum, og det meste brukast til oppvarming. Her kan du lese meir om korleis bedrifta kan redusere energibruken og bli meir klimavennleg.
Det viktigaste er å sørgje for at behovet for oppvarming er lite. Det gjer ein best ved å sørgje for at bygget er godt isolert. Deretter kjem gode løysingar for energibruk og oppvarming. Dette krev investeringar, men reduserer også utgifter i ettertid.
Styresmaktene varslar at dei i aukande grad vil strame inn på standardar, og gjere det lønsamt å byggje energieffektivt. Dette kan du lese meir om under politikk og reguleringar på menyen.