Dei fleste seriøse og framtidsretta bedrifter er opptatt av å ikkje skade menneske og miljø. Det handlar først og fremst om etisk standard og ansvarleg framferd, men i Norge handlar det også meir og meir om at både kundane og dei tilsette krev det.
Godt omdøme har blitt eit sentralt konkurranseelement i næringslivet. I tillegg stiller også styresmaktene miljøkrav eller premierer dei beste til dømes med lågare avgifter.
Energiguiden frå Sparebanken Sogn og Fjordane er eit kart over ulike vegval, tiltak og ordningar som er bra for miljøet og får ned utsleppa av klimagassar. Mange av tiltaka betyr ofte vinn-vinn både for miljøet, økonomien og renomeet til bedrifta.
Energiguiden viser òg korleis vi ikkje kan utelukke at vi kan bli utsette for andre og sterkare tiltak i klimapolitikken enn det vi har sett til no. Dette har samanheng med at klimaproblema kan kome til å verte svært alvorlege viss ikkje vi gjer mykje for å redusere utsleppa. I tillegg kan vi oppleve andre hendingar som har med klima å gjere, mellom anna at olje og annan energi blir dyrare fordi oljereserva på jorda gradvis blir brukt opp.
Mange tiltak som ikkje er lønsame for private aktørar i dag, kan difor verte lønsame. Bedrifter kan bli mindre sårbare om dei er førebudd på strengare tiltak, og kan innrette seg slik at dei går lenger enn det som er lønnsomt på kort sikt.