Utbetre bygg

Dei bygga som allereie er bygde, vil i mange år framover utgjere fleirtalet av den totale bygningsmassen.

Det er særleg ein god idé å etterisolere og skifte vindauge og dører viss ein likevel skal pusse opp eit bygg. Her kan det vere mykje å spare, sjølv i heilt nye næringsbygg, som ofte er lite energieffektive.

Energien ein brukar kan òg brukast meir effektivt, mellom anna viss ein installerer eit ventilasjonsanlegg som utnytter varmen godt. Ein kan òg vurdere alternativ til elektrisk oppvarming, slik som varmepumpar, pelletskjel eller fjernvarme.

Les meir om tiltak for å gjere bygg meir energieffektive under Klima i bedrifta på menyen øvst på sida.

 
Mest lest på Klimakartet