Regjeringa har uttrykt at dei ønskjer at bygg skal bli meir miljøvennlege. Dei seier at krava til energieffektivitet vil auke, og at det i aukande grad vil lønne seg å byggje energiøkonomisk
I Noreg står energiforbruket i bygg for 40 prosent av det totale energiforbruket. Mykje av energien som blir brukt er elektrisitet. Teknisk forskrift regulerer bygging, og inneheld krav til oppvarmingsløysingar og energieffektivitet. Forskrifta har ein rettleiar.
I regjeringa si miljøhandlingsplan står det at dei ønskjer å stramme inn teknisk forskrift, slik at dei som byggjer vil måtte byggje meir energieffektive bygg. Forskrifta skal reviderast kvart femte år, og skjerpast inn for kvar gong i samråd med næringa slik at krava til oppvarmingsløysingar og energieffektivt blir strengare. Her kan det kome til å løne seg å vere i forkant av lovverket.
Den siste forskrifta gjeld frå 1. juli 2010, og går inn for at romoppvarming og oppvarming av vatn i minst mogleg grad skal skje med elektrisitet eller fossile brensle som t.d. olje. Byggenæringens miljøsekretariat oppsummerer energikrava i forskrifta.
Kommunal- og regionaldepartementet har utarbeidd eigne mål for byggjeskikk, miljø og universell utforming.