Energibruken i større bygg har gått opp dei siste åra, til tross for mål i byggjeforskriftene om at energibruken skal ned.
Særleg nye bygg etter 1997 har høgare energiforbruk enn eldre bygg. På same tid veit vi at energibruk i bygg står for opp mot 40 prosent av Noreg sin totale energibruk.
Dette ønskjer offentlege styresmakter å snu gradvis. Regjeringa har utarbeidd ein miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren for 2009 – 2012. Her står det mellom anna at dei kvart femte år og i samråd med næringa vil stramme inn teknisk forskrift, som stiller krav til korleis hus skal byggjast. Dette kan gjere bygg noko dyrare å byggje, men billegare å drive.
Ikkje minst er lågt energiforbruk eit salsargument overfor brukarar av bygga.