Det er viktig å fokusere på energieffektivitet i bygg, også dersom ein skal leige ut eller selje bygget, og dermed ikkje får energirekninga sjølv. Energieffektivitet er eit viktig miljø- og klimaområde, og etter alt å døme eit stadig viktigare argument ved sal og utleige.
Byggjer ein eit bygg for å selje det vidare eller leige det ut, blir ein kanskje mindre fokusert på energieffektivitet enn om ein skal bruke det sjølv. Dersom nokon andre skal betale for energiforbruket, kan det verke mindre fristande å investere i lågenergistandard eller energieffektive oppvarmingsløysingar som er dyrare ved innkjøp, men billegare i drift.
Det er grunn til å tru at dette er i ferd med å endre seg. Frå 1. juli 2010 vart det mellom anna innført ei energimerkeordning for bygg. Dette går ut på at bygg må ha ein energiattest med energimerke ved sal eller utleige. Målet med ordninga er å skape auka kunnskap og merksemd om energibruk i bygg..
Andre politiske signal peikar òg mot at krava og etterspørsla etter energieffektive løysingar vil auke jamt i åra framover. Det kan fort bli eit konkurransefortrinn for eit selskap i byggjenæringa å vere gode på energieffektivitet.