Nyare krav og standardar for bustadbygging

Nye krav og byggjestandardar tyder på at det vil bli meir lønsamt og populært å bygge miljøvennleg i åra som kjem.

Ekstra energieffektive hus, som regel kalla passivhus eller lågenergihus, har blitt vanlege i land som Sverige, Tyskland og Austerrike. Difor fekk Noreg ein ny norsk standard for passivhus og lågenergihus våren 2010. Standarden er mykje strengare enn vanleg teknisk forskrift frå 2010.

Bygging av plusshus, som produserer meir energi enn dei brukar, er òg i ferd med å bli realiserbart i Noreg. Les meir om: Lågenergihus, passivhus og plusshus.

Etter alt å døme vil teknisk forskrift gradvis stille strengare krav til at bustader skal byggjast på ein måte som gjer at dei brukar lite energi. Kommunane blir òg oppfordra av nasjonale styresmakter om å stimulere til miljøvennleg bustadbygging gjennom plan- og bygningslova. I tillegg skal mellom anna ei ny energimerkingsordning gjere det meir attraktivt å satse på energieffektive bustader.

Les meir om krav til bustadbygging:

 
Mest lest på Klimakartet