Det er når bygga blir bygde at ein lettast kan skape gode løysingar for lågt energiforbruk. Det viktigaste er å hugse at den billegaste og mest miljøvennlege energien er den energien vi aldri nyttar.
Alt tyder på at det i åra som kjem vil bli større krav til energieffektivitet i bygg, og til at ein mindre del av energien som blir brukt kjem frå elektrisk straum.
Oppvarming er den viktigaste kjelda til energibruk i bygg. Det beste ein kan gjere for å halde nede energiforbruket, er å byggje slik at ein treng minst mogleg oppvarming. Eit godt isolert bygg sørgjer for det. Deretter kan ein sjå på tekniske oppvarmingsløysingar, der det òg er mykje å spare.