Bygg og anlegg

Signal frå politikarar og det offentlege tyder på at dei i aukande grad vil strame inn på standardar. Målet er at energiforbruket i nybygg går ned, og at energieffektive bygg får fleire konkurransefordelar

Energieffektivitet blir sannsynlegvis i aukande grad eit konkurranseelement ved sal og utleige.

Mellom anna vart det innført ein obligatorisk energimerking ved sal og utleige av bygg frå 1. juli 2010, som skal skape merksemd rundt energieffektivitet.

Byggjebransjen kan difor tene på å setje fokus på energieffektivitet og byggje opp kompetansen sin på området. Bygg bør byggast og rehabiliterast slik at dei har lite oppvarmingsbehov. Det er og ein stor fordel om bygga har alternative oppvarmingsløysingar, eller i det minste er tilrettelagt for det, til dømes gjennom å ha installert vassbåren varme.

Klikk på menyen over for å lese klimatips for bygg og anlegg.

 
Mest lest på Klimakartet