To signeringar på èin dag

I dag har Sparebanken Sogn og Fjordane signert sponsoravtale både med Kaupanger Idrettslag og Fjøra Fotballklubb Begge avtalane er treårige og har ein samla totalverdi på over ein million.

– Det er svært gledeleg for oss at banke17408342_1283831588350327_545884481_o-450n ønskjer å fornye avtalen med oss. Det sikrar mykje av drifta vår, seier Bjarte Ramstad i Kaupanger IL.

Kaupanger Idrettslag (KIL) er eit breiddeidrettslag der fotballgruppa med sine 175 spelarar og 15 lag (2016 tal) er den største undergruppa og blant dei største klubbane i Sogn og Fjordane Fotballkrets. KIL er den einaste klubben i Sogn og Fjordane med fleire kvinnespelarar enn herrespelarar. Eit av hovudmåla er å vere det leiande fotballaget på damesida i Sogn og Fjordane og spele på høgast mogleg nasjonalt nivå. KIL har dessutan status som kvalitetsklubb innanfor fotballgruppa med eigen sportsplan.

Også Fjøra Idrettslag er glade for å få signere avtalen i dag.

17408358_1283831921683627_2077832766_o-450– Samarbeidet med banken så langt har vore veldig bra, og at vi får ein ny treårig avtale betyr mykje for oss som klubb. No skal vi i gang med å bytte ut alle draktene våre blant anna, seier Torbjørn Ylvisåker i Fjøra Fotballklubb.

Banksjef i Indre Sogn Laila Ruud er stolt over å vere sponsor for desse klubbane.

– Verdigrunnlaget til KIL og Fjøra er heilt i tråd med SSF sine verdiar nær, dyktig og engasjert, seier Ruud.

– Og spesielt er damefotballen i Kaupanger ei viktig satsing, som vi er stolte over å vere med å bygge vidare, seier Ruud.

Til stades under dagens signering var Laila Ruud, Bjarte Ramstad frå KIL og Torbjørn Ylvisåker frå Fjøra.

comments powered by Disqus