Furorevinnarar 2011

Furore – begeistring og stormande jubel

Det er få ting som gjer meg så stolt av å kome frå Sogn og Fjordane som når nokon herifrå presterer blant dei beste i verda. Det er nesten same kva “grein” det er snakk om, design, kunst, kultur eller idrett. Det er så flott når nokon herifrå greier å skape ei kollektiv stoltheit som vaskar vekk fogderi og kommunegrenser.

Les heile “Furore – begeistring og stormande jubel”
20090930_2844

Jakta på talenta

I morgon er den store Furoredagen. Dagen då vi skal dele ut 300.000,- til talent frå Sogn og Fjordane. Dagen vi har jobba mot sidan i sommar. Dagen vi skal vise fram noko av det beste fylket har å by på. Dagen for det største, og ikkje minst beste, arrangementet i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie.

Les heile “Jakta på talenta”
furoreinvitasjon-2

Stem på din favoritt!

FURORE er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt talentstipend. Vi deler kvart år ut stipend frå kr 10 000 til heile kr 100 000 til unge talent frå fylket. No har vi valt ut fem som  vi er stolte av å støtte. Men vi treng litt hjelp – kven av desse meiner du fortener ekstra heider og ære? Ver med å bestemme kven som skal få publikumsprisen som vert delt ut på Furorebanketten på Sandane 2.oktober.

Les heile “Stem på din favoritt!”

Gå til mobilutgåva