Reiel, Anette, Rolf og Mette

Konfekten må hentast på stasjonen klokka sju

Konfekten må hentast på busstasjonen klokka sju. Latter rullar gjennom landskapet – ”just in time”. Julehelsing med banken sin profil fylt med søte freistingar når akkurat fram til frukostmøte med næringslivet i Florø. Desember er hektisk. Akkurat like herlig hektisk som alle dei andre månadane i året.

Les heile “Konfekten må hentast på stasjonen klokka sju”
Anders Fannemel vart årets Furorevinnar

Fannemel fekk 100.000,-

Vi fekk inn nesten 250 søkarar til Furorestipenda. Tilbakemeldingane frå juryen er at det vore utruleg kjekt å få eit innblikk i alt dette fantastiske talentet som finst i Sogn og Fjordane. Vinnaren av den gjevaste prisen på 100.000,- var hopparen Anders Fannemel frå Hornindal. Vi blir ikkje overraska om vi ser dette ski-talentet i OL om fire år, og er spent på å følgje vegen hans vidare. Det var sogningar som stakk av med alle dei tre stipenda på 50.000,- og felespelaren Erlend Apneseth vann publikumsprisen med god margin.

Les heile “Fannemel fekk 100.000,-”
Illustrasjon blogg_furore

250 som vil skape FURORE!

Vinnarane av Sparebanken Sogn og Fjordane sitt FURORE stipend for 2010 er endeleg klare! Omlag 250 søknadar er vurdert og ni vinnarar er plukka ut. I år som i fjor sit juryen igjen med ei god kjensle, blanda med litt undring.

Les heile “250 som vil skape FURORE!”
Rolf1

Nokre tankar etter eitt år i sosiale medier

Vi tok valet ganske tidleg om at sosiale medier var noko vi hadde lyst å drive med. Første gong vi diskuterte dette var i 2007. Utgangspunktet for heile satsinga vart tanken om ”Meir enn bank”. Vi er så mykje meir enn berre ein bank, og den sida av bankdrifta er vi svært opptekne av å syne fram og engasjere kundane våre i. For vi er stolte over samfunnsansvaret vårt, over meiningane våre og over rolla vi har i Sogn og Fjordane. Med desse tankane som overordna mål, sette vi i gang med ei Facebookside, blogg og ein solid innsats frå [...]

Les heile “Nokre tankar etter eitt år i sosiale medier”
Tom Hatlestad

På sporet av fridom

Av og til får ein høyre historier som rører ved tema og kjensler lang ut over kvardagen sine trivialiteter. Av og til er ein også så heldig at ein får møte personen som har skapt historia. For omlag eitt år sidan møtte eg ein slik person og fekk høyre ei slik historie. Tom Hatlestad, og det han viste meg, kretsar framleis i tankane mine.

Les heile “På sporet av fridom”
Logo framtidsfylket

Sogn og Fjordane eit helvete på jord?

Dette er overskrifta på ein kronikk i Bergens Tidende 15.01, ført i pennen av Anne Viken. Temaet er den evige fråflyttingsdebatten. Ho sparkar i gang kronikken sin med utspelet til Ingrid Heggø om at tiltaket for å kjempe mot fråflyttingsspøkelset er å omgjere studielånet til tilbakeflyttarane til stipend. Eg er heilt einig med Viken. Snakk om å ta tak i utfordringa på feil grunnlag, i feil ende og utan å reflektere over konsekvensen dette vil gjere for omdømet til fylket.

Les heile “Sogn og Fjordane eit helvete på jord?”

Gå til mobilutgåva