Utdrag av billåns-kalkulator nye ssf.no

Ny ssf.no – nettbabyen vår

10. mai har vi termin, og vi ventar i spenning på at den nye nettsida vår skal sjå dagens lys for første gong. No er det snart 6 år sidan storesøstera gamle ssf.no vart skapt, og ho har vakse seg både stor og litt for tung. Difor har vi vore veldig medvitne på vekta i dette svangerskapet, og ventar oss ei mykje slankare utgåve av arten denne gongen.

Les heile “Ny ssf.no – nettbabyen vår”
eFaktura250

Papirlaust – kvifor ikkje?

Tenk at nesten 90% av oss privatpersonar betalar alle rekningane våre i nettbanken. Men likevel kjem dei fleste av desse rekningane til oss på papir, og det trass i at både kommunar, e-verk og andre for lengst har tatt i bruk eFaktura.

Les heile “Papirlaust – kvifor ikkje?”
android-eigedom

What’s APP?

Veit du at app var eit av dei mest brukte orda i fjor? Det var med i kampen om å bli kåra til årets ord av Norsk Språkråd, men tapte mot det meir dramatiske askefast. Har du ein såkalla smarttelefon er det ikkje grenser for kva applikasjonar du kan laste ned. Vi var på lufta før jul med 2 gratis appar – ein for iPhone og ein for Android.

Les heile “What’s APP?”
Rhodos-400

Regionsperre – ikkje berre, berre ?

Eg stod i butikken på hjørnet første dag av ferien på Rhodos og skjøna ikkje kvifor Visakortet mitt vart avvist. Så tikka det inn ein SMS, der det stod at kortet mitt var forsøkt brukt i utlandet. Sjølvsagt – regionsperra er på utanfor Skandinavia! Ein kjapp tur innom internett på hotellet, inn i nettbanken og kortet var opna for Europa, og butikkdama på hjørnet fekk pengane sine.

Les heile “Regionsperre – ikkje berre, berre ?”
Ipad med nettbank

Nettbanken funkar på iPad

I det siste har det vore mykje fokus på iPad – Apple sitt nye elektroniske lese- og surfebrett. Jens Stoltenberg fekk massiv PR då han sat oskefast i New York og styrte landet via iPad. Ei av problemstillingane i media har vore om iPad kan brukast til nettbank-tenester. Vi har testa og svaret er JA.

Les heile “Nettbanken funkar på iPad”
per magne swix

Nettbanken + Per Magne = sant

Nesten 45.000 kundar bruker nettbanken vår, og Per Magne drøymer om at dei skal få den beste nettbanken i verda. Tikkar det inn ein SMS på mobilen hans om at nettbanken  for tida er ustabil, blir karen rastlaus, og ikkje ein god pris snus kan hjelpe på stemninga, ein gong.

Les heile “Nettbanken + Per Magne = sant”

Gå til mobilutgåva