
Furore – begeistring og stormande jubel
Av Reiel Haugland | 7. juni 2011 |Det er få ting som gjer meg så stolt av å kome frå Sogn og Fjordane som når nokon herifrå presterer blant dei beste i verda. Det er nesten same kva “grein” det er snakk om, design, kunst, kultur eller idrett. Det er så flott når nokon herifrå greier å skape ei kollektiv stoltheit som vaskar vekk fogderi og kommunegrenser.



