spartilborn

Smart sparing for dei små

Eg hugsar framleis Knax-vekene frå då eg var lita. Eg fekk vere med i banken og setje inn pengane eg hadde spart på sparebøssa mi. I starten var det kjekkast å samle klistremerker heilt til ein fekk ein fin premie. Seinare fekk ein meir forståing for kva saldo betyr, og det var kjekt å sjå denne bli større for kvar gong.

Les heile “Smart sparing for dei små”
Rolf-sjakk

Ris, ros og dug(g)

Sparebanken Sogn og Fjordane vart ein av dei første bankane på Facebook sommaren 2009.Vi hadde ein noko annleis strategi enn andre bankar og har vakse jamt og trutt. No er det nesten 11.000 som følgjer oss i sosiale media, og spesielt Facebook, har blitt ein viktig kanal for oss. Vi fekk mange gode tips, ris og ros i julekalenderen vår på Facebook før jul. Takk til alle som svarte på dei opne spørsmåla og tok seg tid til å gi oss konstruktive tilbakemeldingar – vi set stor pris på engasjementet. Som sjefen seier «utvikling eller forvitring». Innspela vi har fått i 2011 skal vi nytte til å vidareutvikle oss i sosiale media i året som kjem.

Les heile “Ris, ros og dug(g)”
Eling-og-Fiol

Elin og Fiol

Elin Ekorn har mykje å gjere. Ho har bestemt seg for å følgje draumane sine og har meldt seg på Fiol. Då ho såg annonsen i Kongleposten i går, kjende ho eit sug i magen. «Er du den nye songstjerna vår? Meld deg på Fiol.» stod det. «Innleiande rundar skal haldast neste veke.» Elin begynte å dirre over heile kroppen. Våga ho dette? Ho ville jo så gjerne, men det kjendest veldig skummelt på same tid. Til slutt bestemte ho seg. Ho skulle melde seg på.

Les heile “Elin og Fiol”
Ingvill Aske Granheim

Heilt Kongle

  Etter godt og vel eit år i Sparebanken Sogn og Fjordane, og like lenge som Kongleriketansvarleg i Gloppen, har eg gjort meg opp nokre tankar om banken sitt engasjement mot dei yngste kundane våre. Eg er sjølv mamma til 3 små viltre krabatar som kvar dag skal aktiviserast og fylgjast opp, gjerne få tilført ein porsjon sunn fornuft og forhåpentlegvis bli oppdregne til skikkelege folk.    

Les heile “Heilt Kongle”

Gå til mobilutgåva