Furorevinnarar 2011

Furore – begeistring og stormande jubel

Det er få ting som gjer meg så stolt av å kome frå Sogn og Fjordane som når nokon herifrå presterer blant dei beste i verda. Det er nesten same kva “grein” det er snakk om, design, kunst, kultur eller idrett. Det er så flott når nokon herifrå greier å skape ei kollektiv stoltheit som vaskar vekk fogderi og kommunegrenser.

Les heile “Furore – begeistring og stormande jubel”
Furore-1055

Furore i foto

Her er ein stemningsrapport i bilete frå Furorestipendutdelinga 2010. Alle foto er tatt av Vegard Fimland frå Førde.

Les heile “Furore i foto”
Anders Fannemel vart årets Furorevinnar

Fannemel fekk 100.000,-

Vi fekk inn nesten 250 søkarar til Furorestipenda. Tilbakemeldingane frå juryen er at det vore utruleg kjekt å få eit innblikk i alt dette fantastiske talentet som finst i Sogn og Fjordane. Vinnaren av den gjevaste prisen på 100.000,- var hopparen Anders Fannemel frå Hornindal. Vi blir ikkje overraska om vi ser dette ski-talentet i OL om fire år, og er spent på å følgje vegen hans vidare. Det var sogningar som stakk av med alle dei tre stipenda på 50.000,- og felespelaren Erlend Apneseth vann publikumsprisen med god margin.

Les heile “Fannemel fekk 100.000,-”
Madelene_Berg_privat

Helsing frå Madelene

Midt i øvinga på Barratt Due Musikkinstitutt ringte telefonen, og eg fekk eit sjokk. Eg hadde fått det gjævaste Furorestipendet på 100.000,- av Sparebanken Sogn og Fjordane! Søknaden til stipendet hadde eg nesten gløymt, det var jo berre ein av fleire eg sendte ut for å kunne fortsette med det eg har aller mest lyst å drive med, nemleg fiolin.

Les heile “Helsing frå Madelene”
Furore_blogg_publikumsprisen

Kven får publikumsprisen?

Laurdag 30. oktober er det Furorestipendutdeling i Florø. Ein kjekk kveld der vi deler ut Furorestipend på til saman 300.000 kronar. I løpet av kvelden skal også publikum få sjansen til å stemme fram sin favoritt. Avstemminga vil skje pr. SMS under sjølve utdelinga og vinnaren av publikumsprisen vil få 10.000,- i ekstra stipend. Vi har tatt ein nærare titt på dei fem kandidatane til publikumsprisen:

Les heile “Kven får publikumsprisen?”
Illustrasjon blogg_furore

250 som vil skape FURORE!

Vinnarane av Sparebanken Sogn og Fjordane sitt FURORE stipend for 2010 er endeleg klare! Omlag 250 søknadar er vurdert og ni vinnarar er plukka ut. I år som i fjor sit juryen igjen med ei god kjensle, blanda med litt undring.

Les heile “250 som vil skape FURORE!”
Furore_VebjornVarlid_1

Rapport frå ein vektløftar

I juni lyfta eg på junior verdsmeisterskapet i vektlyfting i Bulgaria. Her rykka eg 159 kg, støyta 186 kg og gjorde 345 kg samanlagt. Med dette tok eg dei nordiske juniorrekordane i rykk og samanlagt, støyten har eg sjølv frå tidlegare. Dette var også kravet til elitepremien, Noregs vektlyftar forbund si høgaste utmerking . Elles fekk eg 8 plass i rykk, 12 plass i støyt og 11 plass samanlagt av 21 deltakarar. 2006 var sist gong Noreg hadde med ein deltakar på Junior VM.

Les heile “Rapport frå ein vektløftar”
Furore_GunnarBestad_2

Rapport frå ein møbelsnikkar

I fjor presenterte eg mine første møblar på verdas største og viktigaste møbelmesse i Milano. Eg var heldig og mottok Furorestipend på kr 10.000,- til denne satsinga.

Les heile “Rapport frå ein møbelsnikkar”
Furore2010_Husekleppen_immaculate1

Eg gjorde Furore!

I haust var eg ein av dei heldige mottakarane av Furorestipendet. Då eg søkte på stipendet, hadde eg akkurat tatt til på siste året av min Mastergrad i Industridesign, og slutten på eit fem års langt studium var rett rundt hjørnet. No, eit halvt år seinare, har eg akkurat levert frå meg diplomoppgåva mi, og då eg vart beden om å skrive eit innlegg her og fortelje litt om kva som har skjedd sidan sist, var det noko eg gledeleg tok på meg.

Les heile “Eg gjorde Furore!”
Furore-7328_500x500

Vinnar av FURORE stipendet på 100.000

Vinnaren av 100.000 på årets FURORE utdeling heiter Madelene Berg, er fiolinist og kjem frå Nordfjordeid. Ho peika seg raskt ut som vinnar, og har utvilsamt evner langt utover det vanlege.

Les heile “Vinnar av FURORE stipendet på 100.000”

Gå til mobilutgåva